Sport | 10. jan. 2016

Klatra to hakk på tabellen

– Vi burde avgjort dette tidlegare, men det var godt å ta dei to viktige poenga, seier 6-målsskårar Ove Lyssand.

Klatra to hakk på tabellen
Jørgen Wold blei toppskårar med 7 mål mot Eid i dag. Kampen endte 23-21 til Os. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. jan. 2016 14:48

Bildeserie:

Peder Lyssand utlikna til 9-9. (Foto: KVB)
Peder Lyssand utlikna til 9-9. (Foto: KVB)
Fredrik Andresen skåra tre mål i dag. Denne gjekk ikkje inn. (Foto: KVB)
Fredrik Andresen skåra tre mål i dag. Denne gjekk ikkje inn. (Foto: KVB)
Ove Lyssand gav Os 12-10 tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Ove Lyssand gav Os 12-10 tidleg i 2. omgang. (Foto: KVB)
Peder prøvde seg, men Eid-keeperen var ikkje lett å lura. (Foto: KVB)
Peder prøvde seg, men Eid-keeperen var ikkje lett å lura. (Foto: KVB)
Kasper på kontring, i passgang, set inn sitt andre for dagen, 17-17. (Foto: KVB)
Kasper på kontring, i passgang, set inn sitt andre for dagen, 17-17. (Foto: KVB)
Nils skåra eitt. Her prøver han seg på kontring. (Foto: KVB)
Nils skåra eitt. Her prøver han seg på kontring. (Foto: KVB)
Trygve skåra tre. (Foto: KVB)
Trygve skåra tre. (Foto: KVB)
Dagens publikum. (Foto: KVB)
Dagens publikum. (Foto: KVB)
Ludvig (t.h.) debuterte i dag. (Foto: KVB)
Ludvig (t.h.) debuterte i dag. (Foto: KVB)
Her set Ove inn 22-19 eitt minutt før slutt. (Foto: KVB)
Her set Ove inn 22-19 eitt minutt før slutt. (Foto: KVB)
1 av 10

Os fekk det unødig tøft mot eit skadeskote Eid, men hadde leiinga dei siste ti minutta og tok to viktige poeng i den jamne avdelinga som etter endt sesong skal senda dei fire svakaste ned til 4. divisjon.

– Det er viktig for oss å klara topp 6, seier Ove, som etter Jørgen Wold skåra mest i dag.

Os - Eid 23-21 (11-10)
Målskårarar: Jørgen Wold 7, Ove Lyssand 6, Trygve Lerch Dahl 3, Fredrik Andresen 3, Kasper Færøvik 2, Peder Lyssand og Nils Andris Hamre.

Laga følgte kvarandre og 7-9 blei til 11-10-leiing til pause. Os starta 2. omgangen best, etter redning av Einar Godø sørgja Ove og Trygve for å auka til 13-11.

Eid, som fekk éin mann skadd i første omgang, fekk den siste innbytaren sin utvist med direkte raudt 9 minutt ut i omgangen.

Men det blei både 14-15 og 17-17 før Os overtok.

– Eid var eit godt lag, men vi burde avgjort kampen før. Det blei mykje upresist i dag, men då vi fekk til spelet vårt var vi suverene, meiner Lyssand.

Debuterte ei veke etter 16-årsdagen

Ludvig Egge Drange, som fylte 16 år førre søndag, debuterte i dag for herrelaget.

– Det blei ikkje så mykje speletid, men det var gøy å vera på banen igjen, seier balltalentet, som også utmerker seg på fotballbanen for Os.

– Handballen har ikkje gutelag, så eg har spelt lite det siste året. Men eg byrja å trena med herrelaget i oktober og synest det var kjekt å få vera med i dag.

På 5. plass

Os klatra frå 7. til 5. plass og gjekk forbi motstandar Eid i dag.

Neste kamp går borte mot Sotra 2 på jumboplass, neste heimekamp går mot Bjørnar 2, som no har 7. plassen i avdelinga (der laga har spelt frå 7 til 12 kampar kvar), laurdag 23. januar.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.