Klasse mot klasse
Torsdag kunne elevane ved Os vidaregåande skule la bøkene ligga, då var det volleyballtid!
I Oshallen samlast komande helsearbeidarar, elektrikarar og anleggsmaskinførarar med ein felles agenda; ein heil dag via til volleyballturnering.
Med 21 lag på herresida, 10 damelag og full tribune er det tydeleg at det faste arrangementet til Os vgs slår an hos elevane.
– Dette er eit arrangement vi har hatt veldig lenge, i alle fall i 20 år, fortel gymlærar Bente Oksholm.
– Det er så gøy og sosialt. Og tribunen er full frå start til slutt, så det er tydeleg at dette er noko elevane synest er kjekt å vera med på.
Eit viktig arrangement
Som førebuing har skulen eit ekstra fokus på volleyball i gymtimane før turneringa.
– Det er kjekt å sjå kor flinke elevane har blitt og at dei synest det er gøy.
Oksholm trur òg at volleyballturneringa, saman med den faste fotballturneringa dei har om hausten, er noko elevane ser på som eit pluss når dei skal velja skule.
– Det er absolutt blitt viktige arrangement for skulen, vi merkar at elevane forventer det når dei byrjar her.
Pizza til vinnarane
Turneringa er frivillig, men dei tilsette oppfordrar alle klassane å stilla med lag.
– Nesten alle klassane stilte, men vi har blant anna elevar som er i praksis og vi tar ikkje dei ut av arbeid for å bli med.
Til slutt var det 2 HEA og Elektro VG1 som gjekk av med sigeren i herre- og dameklassen.
– Vinnarane får gåvekort frå Peppes.
Eksemplarisk oppførsel
Ein annan ting Oksholm sette veldig pris på med dagen, var tilbakemeldinga dei fekk frå Osbadet.
– Her har det vore fullt med folk heile dagen og mange som har vore og kjøpt mat i kiosken deira, og tilbakemeldingane frå dei tilsette på Osbadet er at dei har oppført seg heilt eksemplarisk.
– Det er veldig godt å høyra, og løftar det som allereie har vore ein kjempekjekk dag.