Lokal | 08. jan. 2016

Klarte ikkje å venta

Folk har vore på nesten trygg is to dagar på rad. I morgon blir isen trygg enkelte stadar, men nordenden av Ulvenvatnet har ikkje den tryggaste isen.

Klarte ikkje å venta
Politiet var ved Ulvenvatnet fredag formiddag for å be ungdommar om ikkje å gå på isen. Nordenden av Ulvenvatnet er førebels ikkje trygt (lesarbilde)
Andris Hamrefredag 08. jan. 2016 14:54

Politiet måtte fredag formiddag ta turen i Sigurdsvika for å be ungdommar som var på isen om å trekka på land att.

Frivillig ismålar John Lepsøy har også fredag vore ute og sjekka forholda.

– Nordenden av Ulvenvatnet er ikkje trygt. Der var det berre ein 5-6 cm nedanfor Ulven leir. Det er nok noko tryggare i Sigurdsvika, men der kjem eg til å la skiltet om at isen ikkje er trygg henga, seier Lepsøy.

13 cm tjukk stålis

To stader Lepsøy kjem til å henga opp skilt om at isen er trygg på laurdag er på Banktjørna og i sørenden av Ulvenvatet ved Moberg.

– Då eg målte dei plassane i dag var det 13 cm på begge vatna. Det tyder på at isen har vakse tre til fem cm i løpet av det siste døgret.

– På Ulvenvatnet må ein vera forsiktig om ein nærmar seg brua. Då eg gjekk opp der og nærma meg sivet i dag såg eg fort at isen var tynnare der. Før eg heng opp skiltet med at isen er trygg i morgon, så kjem eg òg til å markera med busker kor grensa går, forklarar Lepsøy.

Vêr varsom i områder kor bekkar renn inn og ut av vatna. Er det sirkulasjon i vatnet, så blir isen tynnare.

Les råda om isvett her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.