Lokal | 02. sep. 2013

Klare til å effektivisera Noreg

Lesarinnlegg: Dei gode erfaringane lokalt med Frp-politikk vil Frp ta med seg sentralt.

Klare til å effektivisera Noreg
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. sep. 2013 09:14

Fredag møtest Frp sine to ordførarar med høgast oppslutning ved valet i 2011, Terje Søviknes og Helge Andre Njåstad, på Amfisenteret Os for å driva valkamp. Hovudbodskapen til osingane er at dei no må sikra attval av 3. kandidat Laila Reiertsen og at Noreg treng Frp i regjering for å effektivisera staten.

I dag er landet kjenneteikna av mykje byråkrati og at pengane blir brukt feil.

– Me meiner at det er mykje smartare å bruka handlingsrommet oljeinntektene gjev oss på investeringar i infrastruktur, utstyr og forsking framfor byråkrati og velferdsordningar som vert eksportert ut av landet, seier Søviknes og Njåstad.

– Berre sjå kva som har skjedd lokalt i Os og Austevoll med 14 og 10 år med Frp i posisjon.

NHO sitt kommune-NM som rangerer kommunane etter kor attraktive dei er for næringslivet plasserte Os og Austevoll heilt i toppen nasjonalt.

Os på 34. plass av 429 kommunar og Austevoll på 15. plass. Eit av målekriteria er administrasjonskostnadar. Her er det bare 17 kommunar i heile Norge som har lågare administrasjonskostnader enn Os, som bruker 2548 kroner per innbyggjar i administrasjon. Bergen ligg like under, så det er tydeleg at dersom man har fokus på effektiv drift er det mogleg å arbeida smart for å frigjera handlingsrom til å utvikla gode tenester.

Frp-kommunane Os og Austevoll har begge utvikla seg enormt i dei åra Søviknes og Njåstad har styrt. Folketalet og optimismen har auka år for år og kommunane klarer å levere gode tenester og solide økonomiske resultat.

Rekneskapen for 2012, som viste raude tal og utfordringar for mange kommunar rundt oss, var meir hyggjeleg lesing i Os og Austevoll, som leverte overskot på 23 millionar i Os og 21 millionar i Austevoll.

Dei gode erfaringane lokalt med Frp-politikk vil Frp ta med seg sentralt. Frp har aldri vært nærmare regjeringsmakt og kan ved dette valet sikre både ein osing og ein austevolling i stortinget. Helge Andre Njåstad står på 2. plass og Laila Reiertsen på 3. plass. Men det krev mobilisering for å sikra mandata.

Difor er bodskapen på AMFI Os klar: Osingane må mobilisere for å sikra Laila fire nye år på Stortinget, og denne gong i posisjon, slik at dei gode erfaringane lokalt kan omsetjast til politikk sentralt.

Gustav Bahus
Leiar, Os Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.