Klare for opprykk!
Med 6-1-siger over Smørås blei juniorane til Os Turn klare for opprykk til 2. divisjon. – Då var den jobben gjort, seier trenaren nøgd.
Etter at juniorlaga til Os måtte starta på nytt i 3. divisjon grunna at dei ikkje hadde G19-lag i fjor har det vore ein parademarsj på veg tilbake.
Os 2 blei sundag klare etter å ha banka tabelltoar Smørås 6-1.
– Kampen blei som forventa. Så lenge vi speler ball så er det vanskeleg å ta oss, slår Ostrenar Vidar Bahus fast.
Sløste med sjansane
Os leia greitt 2-0 til pause etter skåring av Sander Kvittingen og Philip Moe Haugland.
Men leiinga burde ha vore mykje større. Osgutane hadde ballen mest og dei største sjansane. Om det hadde stått 5 eller 6-0 til pause så hadde det ikkje vore noko å seie på.
Andre omgangen startar med ei rask redusering av Smørås og stemninga på tribuna blei litt uroa, men det påverka ikkje spelarane.
Dei helt fram med å mala på og kunne gå av med 6-1 siger etter skåringar av Sander Kvittingen, Aksel Skaar, Adrian Valle og Isak Røen.
Satsar på toppen
Imponerande er sigeren når ein tek med at seks av spelarane dagen før spelte for herrane sitt 2. lag i 4. divisjon. Eit oppgjer Os tapte 2-6 for Valestrand Hjellvik.
Også Os 1 har moglegheiten til opprykk. Dei ligg i skrivande stund på andre plass med to kampar igjen å spele og berre tre poeng bak Vadmyra.
– Vi går for å kjempa i toppen også i 2. divisjon, men vi må samstundes passa på at ikkje vi brenn ut spelarane.
– Det at fleire av dei har spelt fire kampar denne veka er for mykje, så der må vi trenarane ta ein prat, avsluttar Vidar Bahus.