Klare for kvartfinale
Handballdamene til Os Turn avslutta haustsesongen med å slå Gneist 34-28 i Scandic Cup.
Scandic Cup er ei turnering kor lag frå forskjellige divisjonar møter kvarandre. Torsdag slo Os divisjonskollegaer Gneist, som i førre runde slo ut Nore Neset frå femte divisjon.
– Vi spelte veldig bra og fekk ein skikkeleg opptur før jul, smiler Ostrenar Erlend Lyssand.
Offensivt til verks
Osdamene nytta kampen til å vidareutvikla det dei har øvd på på trening.
– Vi jobbar med ein offensiv forsvarsvariant.
– I starten på kampen spelte vi difor 3-2-1 i forsvar, noko eg tykker vi lyktes bra med.
Det offensive forsvaret gav Osdamene kontringsmoglegheiter, noko laget visste å nytta seg av med heile 34 mål i nota bak Gneist-keeperen.
God Hanne
Bakover på banen kjempa damene godt anført av Hanne Sørstrønen og Vibeke Ingebrigtsen i målet.
– Dei sto kvar sin omgang.
– Hanne sto ein veldig god første omgang, noko eg tykkjer var veldig kjekt, avsluttar Erlend Lyssand.
Os vann 34-28 etter å ha leia 19-15 til pause. Kven dei møter i kvartfinalen er førebels ikkje klart.