Sport | 04. nov. 2013

Klare for finale

Bildeserie: Os Wolverines knuste Replacements 50-6 i åttemannsligaen og er klare for finale mot Åsane Seahawks.

Klare for finale
Wolverines flaug høgt laurdag då dei banka Replacements (foto: Solveig Sønnøve Hamre)
Andris Hamremåndag 04. nov. 2013 15:00

Bildeserie:

Os Wolverines - Replacements, semifinale 8-mannsligaen (foto: SSH)

1 av 9

Dei to semifinalane mellom Åsane Seahawks/Navy og Os Wolverines/Replacements blei laurdag spelt på Kuventræ idrettsplass. Trass regn og dels sure tilhøve blei det god stemning med cheerleaders frå den nyopprette gruppa i Os Turn og speaker som på kyndig vis rettleia publikum i spelets gang.

– Amerikansk fotball er ikkje så kjent, så vi tenkte det ville vera med på å skapa ei ekstra god ramme rundt kampane om vi hadde ein speaker som kunne fortelje kva som skjedde.

– I tillegg er vi i ferd med å starta opp eit juniortilbod og hadde invitert dei opp på kamp, så då kunne vi få lært dei litt opp samstundes, fortel Adrian Halhjem, leiar i Os Wolverines.

Halhjem er òg imponert over innsatsen frå Cheerleadarane som var med å laga ei ekte amerikansk ramme rundt kampane.

Starta trått, flaut bra

Kampen mot Replacements starta trått for Wolverines.

– Eg missa ein ball i første angrepet, som gjorde at dei tok over. Men vi sto godt i forsvar og vann ballen tilbake.

– Derifrå og ut gjekk det meste på skinner.

– Dei skåra berre ein gong i første omgangen på ein lang pasning vi ikkje klarte stoppa, medan vi jobba oss jamnt og trutt i leiinga, fortel Halhjem.

Har fått hjelp frå Tyskland

Halhjem fortel at det i dei par siste kampane har vore eit forsterka Wolverines som har entra banen.

– Ein kar frå Tyskland, som er på jakt etter jobb i Bergensområdet og som kjennar trenaren vår (Christian Detjen, journ.mrk), har vore med oss ei stund no.

– Han har i tillegg dratt med seg fem andre, så no har vi gode treningar med gode spelarar. Det har hjulpe på, smilar leiaren.

Eit forsterka Wolverines hadde små problem med å slå Replacements, som er eit blandingslag av spelarar frå 1. divisjon og tidlegare aktive.

Ventar ei jamn finale

Finalen går laurdag 9. november klokka 13.00 på Varden i Fyllingsdalen.

– Då møter vi Åsane Seahawks.

– Vi slo dei 22-19 sist vi spelte mot dei her på Kuventræ, men då mangla dei eit par sentrale spelarar.

– Eg reknar med at dei er med neste laurdag, samstundes så er vi òg forsterka, så eg trur finalen blir jamn, avslutter Halhjem.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.