Klare for Bring-serien
Samarbeidslaget Os og Nore Neset er klare for den nasjonale Bringserien etter to sigrar i kvaliken. Slo sensasjonelt Fyllingen.
Denne helga har dei åtte beste J16-laga i Hordaland og Sogn og Fjordane møttest til kvalifisering til den nasjonale Bringserien i Sotra Arena.
Os handball og Nore Neset starta samarbeid mellom dei to klubbane for fleire år sidan, men formaliserte det foran denne sesongen for å kunne stille som samla lag i serien og kvalifiseringa.
Tøff pulje
Os kom i ei tøff pulje i kvalifiseringa der dei møtte Fyllingen, Gneist og Fana.
– Vi møter Gneist i den første kampen og speler ein god kamp, men Gneist er gode og vi taper 24-16, fortel trenar Trond Budal.
I laurdagens andre kamp var Fana motstander, laget Os måtte slå for å bli topp tre og kvalifisert.
– Det starter jamnt og er 9-9 til pause. Vi slit med å setta forsvaret vårt og få rytmen framover på banen i heile førsteomgangen. I andreomgang får vi det betre til og speler eit knallgodt forsvar. Framover flyt det òg betre og vi rykkar frå og vinn komfortabelt 22-15.
Sensasjonell siger
Søndag møtte Os storfavorittane Fyllingen som allereie var klare etter solide sigre over Gneist og Fana.
– Vi visste på førehand at vi kunne ha ein sjanse då fleire av Fyllingen sine beste spelarar var opptekne med seniorhandball i dag.
Og sjansen hadde dei. I ein jamnspelt kamp trekk Os det lengste strået 21-20.
– Det var kanongøy. Vi begynte litt svakt og låg under, men henta oss inn igjen mykje takka Amalie Evensen som storspeler i mål i dag.
–I andre omgangen rykkjer vi frå og leier med fire mål når det står att seks- sju minutt på klokka, men Fyllingen greier nesten å hente oss inn att, så vi vinn med minst mogleg margin, jublar Budal.
Finrekning måtte til
Os, Gneist og Fyllingen enda difor på fire poeng alle saman og innbyrdes oppgjer blei avgjerande for rekkefølgja på tabellen. Siden Os slo Fyllingen, Gneist slo Os og Fyllingen slo Gneist blir innbyrdes målforskjell avgjerande. Om Midtsiden i samarbeid med Budal har forstått reglane og rekna rett ender Os på 3. plass med -7 mål, Gneist på 2. plass med -2 mål og Fylliingen vinn pulja med +9 mål.