Klar for toppmøte
Magne Lunde og Mike Gallaher har med seg Ole Amund Gjersvik som vikar når dei spritar opp stemninga på Peppes fredag.
Magne er lei seg for at det blei avlysing i oktober, men Mike Gallaher hadde sjukdom i familien og Blue Note Shuffle steppa inn for å redda haustblues-kvelden.
– Eg hadde gira meg veldig opp til denne kvelden, men det er klart at vi måtte avlysa sånn situasjonen blei. No er eg glad for at vi fekk til ny runde, og at vi fekk tak i vikar for Yngve, som denne gong måtte melda avbod, seier den kjente trommespelaren.
MMY står for Magne, Mike og Yngve, der Yngve er Dance With A Stranger sin faste bassist.
– No må Yngve på konsert med det andre bandet sitt til helga, så vi har fått med Ole Amund Gjersvik. Han er som kjent ingen sinke, og han har spelt med både meg og Mike før, så det kjem nok til å gå veldig fint, trur Magne.
Spontane ekspertar
Amerikanaren Mike, som Magne omtalar som ein gitarist i verdsklasse, har imponert osingar før, blant anna under vernissasje på Vedholmen Galleri ein sommardag for ei tid tilbake.
– Det skjer mykje spennande når vi speler saman, mykje spontant. Vi får ikkje tid til å øva i lag, men førebur oss kvar for oss og har ein sånn kjemi at vi følgjer kvarandre godt gjennom ein konsertkveld.
Veldig spent
Lunde, som fylte 60 år i fjor, er trass i si ei erfaring, spent og nervøs før fredagens konsert i Osøren Blues & Jazzfestival-regi.
– Alle er nok det, men eg er kanskje spesielt utsett. Eg er perfeksjonist. Eg let meg ikkje vippa av pinnen om eg skulle gjera ein feil, men eg ventar mykje av meg sjølv når eg går på scenen.
I fjor var han med The Boys på turné i Spania. No får han ei konsentrert mine i ansiktet berre av å snakka om den komande konserten på Peppes.
Kanskje solo
MMY spelte på Peppes også i mars i fjor. Då opna Magne andre sett med ein heftig trommesolo.
– Eg veit ikkje korleis det blir på fredag, men eg gjer aldri det same to gongar og ingen soloar er like.
Den lengste soloen Magne har spelt varte i 25 minutt. Det var på avslutninga av Vossajazz for nokre år sidan.
– Det er som å gå inn i ein trance, det rundt deg forsvinn, du tenkjer ikkje, du berre speler.Det handlar om å henta galskapen fram, og det har eg ikkje problem med.
– Dei som kjem på konsert fredag bør uansett førebu seg på bluesrock med full trøkk, åtvarar Magne Lunde.