- Klar til skulestart
Etter planen skulle første etasje på Os ungdomskule stå ferdig i mai, forseinkingar gjer at den først er klar til skulestart.
I oktober i fjor gjekk starten for ombygginga av Os Ungdomskule i gong med plan om at første etasje skulle stå klar i mai i år. Diverre har upårekna ting gjort at prosjektet er fleire veker forseinka.
Mykje problem i grunnen
- Det har vore ein del ting som ein ikkje kan føresjå som har skapa litt problem for oss, fortel byggeleiar Ole Håkon Sælen.
Dårlig grunn har vore ei av dei, noko som har før til at masser måtte fjernast før ein fylte i med ny, trygg grunn.
Sælen fortel at den tyngste delen og grunnlaget for det som skal gjerast i andre etasje er unnagjort.
- No er vi forhåpentleg ferdig med dei upårekna hindringane og meiner at første etasje står klar til skulestart etter sommaren.
Lyst og flott
Rektor ved skulen, Kåre Lurto, gleder seg til skulen står ferdig.
- Det kjem til å bli utruleg bra både for elevane og for undervisninga, seier Lutro.
Heile første etasje blir rusta opp med ny hall, klasserom, kantine, garderobar, musikkrom, mat og helse-kjøkken og mykje meir.
- Det blir lyst og flott, med nytt og moderne utstyr.
Elevane vil også få eit nytt "dark-room" som blir utrusta med to lerret for framsyningar.
- Arbeidarane byrjar i andre etasje når sommarferien startar og vi reknar med at heile bygget er klart til nyttår, avsluttar Lutro.