Klar med boka om hamnesjefen
Sølvi Bugge er truleg ei av dei som har følgd livet til Hamnesjefen og familiane tettast. Laurdag er det boklansering og signering.
Frå kontorvindauget på legekontoret ved Oselvo har Sølvi Bugge orkesterplass til eit yrande fugleliv. Det er kanskje ikkje så rart at ho la merke til og fekk eit engasjement for Hamnesjefen og familien hans då han flytta inn for to år sidan.
- Du veit, når han heldt til her oppe i fjor kunne eg gå ut på brygga her og snakka med han, fortel Bugge og peikar ned mot elva.
Null og nix peiling
Etter kvart som Hamnesjefen blei eit ikon i elva og gjestehamna, og då han blei både sjuk og rikskjendis slo det Bugge at vi eigentleg ikkje visste nokon ting om svaner og korleis ein skal forholda seg til dei.
- Då han kom svømmande bort til meg for ein prat og etterkvart då han blei sjuk kjende eg på at eg eigentleg ikkje kunne noko om svaner.
- Eg kunne snakke til han som ein unge og han responderte på sitt vis, men eg følte det var eit behov for ei bok som kunne gje litt fakta.
- Då eg fekk sjå dei mange fine bileta både de i Midtsiden, Jan Petter Svendal, Tove Tvedt Skarstein og andre hadde tatt, tenkte eg at dette kunne bli ei bok, forklarar Bugge.
Bilde, historie og fakta
Ho gjekk igang med bokprosjektet og fekk låna bileter frå dei som hadde. I tillegg dikta ho opp forteljinga til hamnesjefen slik hu trur han sjølv ville fortalt den.
- Det har blitt ei bok med mange fine bilde, historia til svana og fakta om knoppsvaner.
- Håpet er at foreldre og besteforeldre har lyst til å lesa og fortelja historia for ungane sine. Eg trur det kan vera fasinerande og lærerikt, seier forfattaren.
Sonen på veg nordover
Bugge har hatt god kontakt med ornitologane som var med å ringmerka svaneungane i fjor.
- Eg har nettopp fått rapport på ein av hannane (merka 74B).
- Han reiste frå Os til Kjøkkelvik, vidare til Dalevatnet i Bremanger og no er han sist observert på Askvoll i Sogn og Fjordane, fortel Bugge.
- Ornitologane har sagt at dei vil koma opp og ringmerke også årets kull slik at dei kan læra meir om korleis svanane flyttar på seg.
Ikkje provosér dei
Bugge har eit stort og omsorgsfullt hjarte for dei kvite praktdyra.
- Eg synest det er litt synd at dei har flytta seg ned til området rundt gjestebygga og Oselvarnaustet. Der er det så mykje trafikk at dei blir stressa.
- Eg skulle ønskt dei tok det litt meir med ro og heller holdt til lengre opp i elva kor det er litt rolegare.
Ein klar oppmoding og bøn har ho til dei som treff på svanane.
- Ikkje oppsøk dei og plag dei. Kjem dei symjande mot deg når du er ute i båt så hald dei på avstand med ei åre eller noko lignande, men ikkje slå etter dei.
- Då blir dei berre provosert og meir aggressive. Svanefar vil berre beskytta familien sin og det må vi respektera, meiner fuglevenen.
Lanseringa har ho vald å legge til Kafé Engeline laurdag.