Lokal | 08. jan. 2010

Klar for EM-debut

I helga får Jarle Pedersen sin EM-debut som trenar.

Klar for EM-debut
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 08. jan. 2010 13:18

- Det har vore ei hektisk tid. Mange brikker skulle på plass i løpet av svært få dagar, og det var ei utfordring å bli kjent med 14-15 løparar. Heldigvis blei det rolegare etter ei stund, seier Jarle Pedersen til skoytesport.no.

Sonen Sverre er reserve under EM på heimebane i Vikingskipet på Hamar i helga.

Jarle blei nærmast kasta inn i jobben i ein form for unntakstilstand, og måtte legga opp treninga deretter.

- Vi har ikkje vore så nøye med våre eigne treningsprinsipp. Det viktigaste har vore å justera og optimalisera løparane sitt opplegg individuelt.

Den tidlegare OL-helten Johan Olav Koss liker seg godt saman med Pedersen.

- Det er stort å vera tilbake i miljøet. Jarle og eg fungerer fint saman og vi har eit flott lag å jobba med, seier assistenttrenaren.

Også Pedersen har OL-erfaring, med 6. plass på 500 meter i Lake Placid i 1980. Han har i tillegg deltatt i to VM og 23 landskampar.

Her kan du sjå merittene til Jarle Pedersen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.