Klar for bilrace i Nygårdsparken
Os Rockeklubb har bygd kassabil og er klar for Redbull Olabilløp i Nygårdsparken i helga.
– Eg såg ein reklame for olabilløpet og tenkte dette er idioti, dette vil eg vera med på, seier Even Hjertaas, frontfigur i bandet Warfart og medlem av Os Rockeklubb.
Han fekk med seg bandkollega Dan Jarle Raustein og kamerat Magnus Bertil Milde, som underviser i blant anna sveising, på stuntet, Redbull sitt olabilløp i Bergen.
Ned Nygårdsparken
Laurdag kveld skal deltakarane, dei 70 av 200 som sendte søknad om å bli med, på fest med Redbull i Bergen.
Søndag klokka 12 er det start.
– Vi er ikkje så veldig flinke til å teikna, men klarte heldigvis å få plass, seier Even.
Løypa går ned i parken, 450 meter frå Høyden, og inneheld blant anna ein nybygd svingrampe som deltakarane skal doserast gjennom.
Går for gull med livemusikk og konfetti
Bilen er sveist i hop på Os vidaregåande skule, der Milde er lærar, og var i går klar for lakkering og klistremerke-påsetjing.
– Vi meldte oss på fordi dette såg gøy ut, og har i etterkant oppdaga at det er ganske feite premiar, blant anna ein tur til eit formel 1-løp.
– Med sånne premiar har ambisjonane auka, vi vil vinna dette, seier Hjertaas.
Han har hamstra inn både konfetti, røykboksar og ein miniforsterkar.
– Medan Magnus styrer skal eg lesa kart, men eg reknar med at han finn vegen, så eg vil bruka mesteparten av tida på å spela gitar.
Dan Jarle, som har vore med å bygga bilen, og som blant anna har vore noregsmeister i handbak, er motor. Han skal skubba kameratane utfor startrampen søndag etter klokka 12 ein gong.