Lokal | 09. mai 2013

Kjørte i GHB- og amfetaminrus

Ein osing i midten av 30-åra er dømt til fengsel for to tilfelle av kjøring i rusa tilstand.

Kjørte i GHB- og amfetaminrus
Tinghuset i Bergen. (Ill. foto.: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. mai 2013 08:53

Ein mann frå Os er i Nordhordland tingrett dømt for bruk av narkotika og for kjøring i rusa tilstand.

• Først blei han stoppa då han kjørte bil, medan han var rusa på metamfetamin og GHB, frå Danmarksplass til Lagunen om ettermiddagen onsdag 14. mars i fjor.

• Så blei han målt med GHB og amfetamin i blodet etter ein kollisjon med autovernet i ei rundkjøring i Bergen midt på dagen tysdag 25. september.

Sikta møtte i retten og tilsto.

14. mars hadde sikta 0,51 mikromol med metamfetamin i blodet. Straffegrensa er på 0,30. Ved begge tilfella hadde han ei mengd GHB i blodet som tilsvarar 1,2 i promille.

Påtalemakta ba om 28 dagar fengsel og 45.000 kroner i bot.

Retten fann bota for stor i forhold til sikta si inntekt og reduserte denne.

Sikta blei dømt til 28 dagar fengsel og 15.000 kroner i bot.

I tillegg må han venta i to år før han tar ny førarprøve.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.