Lokal | 10. juli 2013

Kjørte i fylla – utan dekk

Ein ung osing var heilt på felgen då han blei stoppa av politiet i Bergen.

Kjørte i fylla – utan dekk
Bergen tinghus. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. juli 2013 13:53

I 01.30-tida natt til søndag 26. mai blei ein ung mann frå Os stoppa av politiet i Skjoldskiftet.

Han hadde kjørt på Fritz C. Riebers frå Krambua til han blei stoppa i Fanavegen ved Skjoldskiftet.

Bilføraren, som er 21 år, viste seg å ha 0,84 i promille ein time etter at han blei stoppa.

I tillegg til promillekjøringa blei han sikta for å kjøra bil som ikkje var i forksriftsmessig stand.

Bilen han kjørte mangla nemleg dekk (!) på to hjul.

Sikta, som ikkje er domfelt tidlegare, møtte i retten og samtykka til avgjerd i tilståelsesdom.

Han blei i Nordhordland tingrett 27. juni dømt til 21 dagar fengsel, 10.000 kroner i bot og til å tåla tap av førarretten i to år.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.