– Kjøp til Pelle på nettet!
Oseana testar nettbasert billettløysing for kinoframsyningane. – Folk har spurt om det lenge. No køyrer vi ein pilot, seier Janne Mari Hjelle.
Bygdekinoen i Oseana er blant dei best besøkte bygdekinoane i landet.
– Dei er absolutt i elitedivisjonen.
– At dei no testar ut ein nettbasert løysing for billettsal er eit flott initiativ og noko vi er veldig positive til, seier Arnfinn Inderhaug, seksjonssjef for kinodrift i Bygdekinoen.
Dei har allereie eit par andre kulturhus som òg nyttar nettløysingar for billettsalet.
Tester to helger
Moglegheiten for å kjøpa kinobilletter på nett får ein dei to kommande helgane det er bygdekino i Oseana.
– Først ut er 12. mai kor vi viser "Pelle Politibil på Sporet" og "Iron Man 3".
– Også til filmane 9. juni kjem vi til å leggje billettane ut på nettet, forklarar kulturhusvert Janne Mari Hjelle.
Løysinga dei no testar ut blir levert frå Ticketco, det sama firmaet som sel billettar for Osøren Jazz og Bluesfestival.
Håpar på auka besøkstal
Både Inderhaug og Hjelle håpar lettare tilgjenge gjer at enno fleire tek turen på kino.
– Vi har sett gode resultat frå dei andre som har tilsvarande løysingar.
– Folk vil gjerne ha det enkelt og er vante med å kjøpa billettar til forskjellege arrangement, seier Inderhaug.
– Nettopp det å gjera det enklare for publikum å kjøpa billettar er hovudgrunnen til at vi gjer dette. Vi trur det vil bidra til å gjera det enklare å gå på kino, og dermed at besøkstalet vil auka, supplerer Hjelle.
Billettane kan kjøpast via Oseana sine heimesider eller direkte på ticketco.no