– Kjenner oss ikkje igjen
Politiet får kritikk for ikkje å ha gjort nok etter tjuveriet hos Proff Verktøy i Byvegen. – Vi kjenner oss ikkje igjen i skildringa, seier politiet.
Styreleiar i Proff Verktøy, Knut Haddal, skreiv eit leserinnlegg som vi publiserte måndag, kor han seier at tilliten til politiet er vekke og at det var som å sjå politiet stå igjen på startstreken då startskotet gjekk.
Bakgrunnen for reaksjonen frå Haddal var at ei rekkje varer blei tatt frå butikken i Byvegen av ei gruppe steinleggjarar, som gav seg ut for å vera ute i ærleg ærend.
– Vi kjenner oss ikkje igjen i den skildringa Haddal gir av politiet sitt arbeid.
– Faktumet er at vi mellom anna tok ein person med tilknytning til saka like etter, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Inviterer til møte
Sperrevik vil førebels ikkje gå nærmare inn på kva etterforskningsskritt politiet har gjort i saka.
– Betjentane som hadde saka, har gjort ein politifagleg god jobb.
– Då eg leste lesarinnlegget, ringte eg straks til Haddal for å invitera han til eit møte for å avklara kva dei sjølv har gjort, og kva politiet faktisk har gjort.
– Før vi har hatt den samtalen vil eg ikkje kommentera noko yttarlegare i media, seier Sperrevik.