Kjenner du ein Lotto-millionær?
Vestland på andreplass i statistikk over Lotto-vinnarar i Noreg.
Totalt har Norsk Tipping 11240 spel-millionærar, 6765 av desse er Lotto-millionærar.
Viken er det fylket med klart flest Lotto-millionærar i landet. Heile 1528 personer fra Viken kan notera seg å blitt blitt Lotto-millionær. Dette kjem fram i ei pressemelding frå Norsk Tipping.
På andreplass finner vi Vestland med 825 Lotto-millionærar, mens neste fylke på lista er Trøndelag med sine 664 Lotto-millionærar.
Laurdag 19. desember er det Supertrekning i Lotto, og då vil det bli trekt om lag 40 ekstra Lotto-millionærar. Dette er i tillegg til dei ordinære vinnarane med sju rette.
Ti på topp i Bjørnafjorden
På Norsk Tipping sine nettsider kan du lesa inngåande statistikk om Bjørnafjordingane sine spel- og vinnarvanar.
Topp 10-lista for dei største premieutbetalingane strekk seg tilbake til 1978.
Lista for Bjørnafjorden ser slik ut, og er sortert etter spel, premiesum, kjønn og vinnardato:
- Lotto, 9,5 mill, Mann, 12.08.2017
- Lotto, 7,9 mill, Mann, 10.12.2011
- VikingLotto, 7,8 mill, Mann, 15.07.2015
- Lotto, 7,6 mill, Mann, 18.10.1997
- Lotto, 6,7 mill, Mann, 24.04.1999
- Lotto, 6,4 mill, Kvinne, 20.10.2007
- Lotto, 4,7 mill, Kvinne, 08.10.2016
- Lotto, 4,4 mill, Mann, 20.12.2014
- VikingLotto, 4,1 mill, Mann, 21.12.2016
- Lotto, 3,8 mill, Kvinne, 29.06.2013