– Kjenn deg sjølv, forstå deg på andre
Ei gruppe med kvinner har samla seg om Kvinnelunsj med foredrag og servering i Løo på Lekven.
– Vi er ei gruppe med kvinner frå ulike forsamlingar og menigheter i Os som har snakka ei stund om å samlast, fortel Else C. Ekerhovd.
Laurdag 21. september blei dagen – Løo på Lekven blei staden.
– Løo er eit flott og spennande festlokale som verkeleg gir ei god ramme rundt lunsjen! Det blir mykje humor og innslag av diverse engasjerte kvinner! seier Else.
Foredrag av Kokai
– Mens vi kosar oss med god mat får vi eit innhaldsrikt og spennande foredrag av Camilla Kokai over temaet:"Kjenn deg selv og forstå deg på andre!" - Enneagrammet som innsikt og verktøy!
Camilla Kokai har sidan 2003 jobba med kursverksemd og coaching. Det bibelske menneskesyn pregar hennar formidling.
Konferansier er Anne Marie Aarøen Vangsnes.
– Vidare blir det forskjellige stands i siloen med informasjon om kva som rører seg i dei ulike forsamlingar i Os. Vi rundar av med lovsong og moglegheit for personlege samtalar, seier Ekerhovd.