Kjempar om opprykk laurdag
Søfteland la om frå passiv til kjent, offensiv stil og utlikna mot Krabbetor i første kvalik-kamp.
Søfteland mista i haust leiinga i serien, men tok 2. plassen og speler no to kvalifiseringskampar mot Krabbetor i kamp om opprykk til 5. divisjon.
Laurdag spelte Søfteland borte, og hamna under til pause.
– Vi hadde mistanke om at Krabbetor var gode, og at dei var eit spelande lag, og la oss derfor litt lågt i 4-4-2-formasjon, mot meir offensive 4-3-3, som vi elles speler, seier trenar Kenneth Svenningsen.
Krabbetor - Søfteland 3-3 (2-0)
Målskårarar, Søfteland: Niklas Linde, Simon Aasen og Ulrik Opsahl.
– I starten såg vi ut til å lykkast med formasjonen. Vi hadde bra kontroll, men så kom eit gjennomløp som for meg såg ut som offside, og vi hamna under 1-0.
Søfteland skapte nokre sjansar utan å skåra, men Krabbetor auka til 2-0 før pause.
– I 2. omgang la vi om til kjent formasjon og fekk rask utteljing. Niklas Linde blei felt, tok straffen sjølv og reduserte.
Men Krabbetor hadde meir å by på og gjekk opp i 3-1. Likevel gav ikkje Søfteland opp, Simon Aasen sprang gjennom heile forsvaret etter pasning av kaptein Eirik Johnsen, og sette inn 3-2.
Eit godt utgangspunkt
Utlikninga kom kort tid før slutt då midtstoppar Ulrik Opsahl stupheada inn 3-3.
– Det var godt å utlikna. Ingenting er over, men vi har no eit godt utgangspunkt til siste og avgjerande runde, seier Svenningsen.
Med 2-2 eller uavgjort med færre mål, eller med siger, er Søfteland klare for 5. divisjon.
Søfteland-Krabbetor startar klokka 13 laurdag.