Kjem spekkhoggarane i år òg?
Skal du på fjorden denne veka? Hald i så fall augene opne og kamera (og telefon) klar!
Kvar vår dei siste åra har det vore spekkhoggarar i Bjørnafjorden, og det er stort sett den siste veka i mars og den første i april det har vore observasjonar.
Sjå spekkhoggarar i Bjørnafjorden i 2010, 2011 og 2012.
Fanga på film to gongar i 2013
I fjor fekk familien Lekven seg ei fantastisk oppleving, fanga på film, med spekkhoggarar utanfor Lekvenvågen og Ferstadneset.
Veka etter var Midtsiden på fjorden og filma spekkhoggarar utanfor Haugsneset, Solstrand og Bjånes.
Tips Midtsiden!
Med strålande sol og stille fjord er det god sikt og freistande å vera i båt på Bjørnafjorden denne veka.
Etter det Midtsiden kjenner til skal det også ha kome sild i fjorden, og då er kanskje ikkje dei store kvalane langt unna heller?
Kjenner du til spekkhoggar-observasjonar?
Tips Midtsiden på 907 89 270 eller kjetil@midtsiden.no.