Kjem med konkrete alternativ
E39 Ferjefri: Når Statens vegvesen skipar til folkemøte i Oseana neste veke vil dei presentera kva alternativ for fjordkryssing dei jobbar med.
Statens Vegvesen ønskjer ei open og god prosess i samband med Ferjefri E39 og strekninga mellom Stord og Bergen. Difor inviterar dei i kommande veke til tre folkemøter, i Uggedal, på Stord og i Oseana.
– Vi startar i Uggedal måndag og avsluttar i Oseana onsdag klokka 19.
– Eg reknar med at det er eindel osingar som har spørsmål dei lurer på og generelt behov for informasjon.
– Målet med møtet er å presentera kva vi jobbar med og korleis prosessen ser ut vidare, forklarar prosjektleiar Signe Eikenes hjå vegvesenet.
Kva liner jobbar dei med
På møtet vil regionvegsjef Helge Eidsnes og fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) innleia.
– Kjem de til å vera konkrete og fortelja kor de ser for dykk ilandføring og lignande?
– Ja, vi kjem til å presentere kva linjer vi konkret ser på, både for kryssing av Bjørnafjorden og for vegen på land opp til Moberg.
– Vi er no i den fasen av prosessen kor vi skal fremja eit planprogram som fortel kva vi skal jobba vidare med.
– Det betyr at vi framleis er i ei fase kor det går ann å påvirka prosessen.
– Innspel og kommentarer kan ein difor framleis koma med, avsluttar prosjektleiaren.