– Kjekt å bli tatt ut
Det blei ikkje speletid på Lassen då han debuterte i A-troppen til Brann, men han gler seg likevel over å ha blitt tatt ut.
Fredag fekk osingen Simen Helland Lassen telefonen han har venta på sidan han blei tatt ut i B-gruppa på seinsommaren:
Brann ville ha han med i troppen til bortekampen mot Sandnes Ulf søndag.
– Eg hadde ikkje fått nokre hint på førehand, så det blei ei gledeleg overrasking, seier Simen.
Laurdag møtte han på trening med A-laget, så gjekk turen til Stavanger og Sandnes.
– Opplegget er ganske likt som når vi reiser med Brann 2, med fly og overnatting, men det var noko eige å vera på tur med Tippeliga-laget.
Kampen enda med 3-1-tap. Brann gjorde tre byte, men Simen fekk ikkje debuten sin denne gong.
No er det éin serierunde igjen og éin sjanse til i 2013 for Fredrik Heggland og Simen Lassen å få sin første smak på Tippeligaen.
Brann tar imot nedrykkstruga Tromsø på heimebane i siste runde, som blir spelt søndag klokka 18.
Brann ligg på 8. plass, 1 poeng bak 7. plass, 3 poeng framfor 13. plass, før siste kamp.