– Kjekkast å sjå ungane klatra
Fredag avduka statsminister Erna Solberg Arne Mæland sitt verk over grunnlova på Kong Christian Fredrik plass i Bergen.
17.mai komiteen i Bergen ba Arne Mæland laga ein skulptur/minnesmerke i samband med 200 årsjubileet for grunnlova.
Fredag 16. mai avduka statsminister Erna Solberg verket som står på Rieber sin eigedom på Kong Christian Fredrik Plass, like ved Cornerteateret.
– Det var sjølvsagt stas at statsministeren sto for den offisielle avdukinga og gav gode tilbakemeldingar.
– Men kjekkast tykkjer eg det var at den fungerte.
– Så fort den offisielle hendinga var over klatra og sklei ungane på den.
– Tanken bak var at den skulle vera ein møteplass mellom grunnlova og den oppveksande slekt og at den skulle brukast på den måten, forklarar Arne Mæland.
Seks tonn med tre paragrafer
Det seks tonn tunge symbolet for grunnlova er laga av Larvikitt.
– Eg tok utgangspunkt i grunnlovsboka frå 1814 og har gjengitt tre av paragrafane frå den første lova.
– Denne ligg oppslått på ei låg søyle, godt egna å klatra på, avsluttar Mæland.