Lokal | 12. mai 2014

Kjedekollisjon på E-39

Trafikken sto på Søfteland etter ein kjedekollisjon der tre bilar blei skadd. Førar er mistenkt for kjøring i rus.

Kjedekollisjon på E-39
Bilen som kom bakerst fekk store skader i fronten (Foto: KVB)
Andris Hamremåndag 12. mai 2014 12:15

Bildeserie:

Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut på meldinga (foto: KVB)
Politi, ambulanse og brannvesen rykte ut på meldinga (foto: KVB)
Ulykka skapte kø på E-39 (foto: KVB)
Ulykka skapte kø på E-39 (foto: KVB)
Ein Audi blei lettare skadd. (Foto: KVB)
Ein Audi blei lettare skadd. (Foto: KVB)
Medan Toyotaen som sto fremst var nesten uskadd. (Foto: KVB)
Medan Toyotaen som sto fremst var nesten uskadd. (Foto: KVB)
1 av 4

Tre bilar var involvert i ei trafikkulykke på E-39 ved avkøyrselen til fotballbanen på Søfteland måndag formiddag.

Kollisjonen gav full stopp i trafikken.

Fire personar skal ha vore med i dei tre bilane.

– Det er meldt om nakkeskade på ein person, skriv politiet på Twitter.

– Det var ein BMW som køyrde i hekken på ein Audi som så gjekk vidare i Toyotaen som sto og venta på å kryssa vegen.

Alle bilane hadde retning Os.

BMW-en har fått skader i fronten og må hentast av bergingsbil. Audien har fått lettare skader bak og framme, medan Toyotaen er nesten uskadd.

Mogleg promille

Klokka 1305 melder politiet på Twitter at det er snakk om mogleg promillekøyring.

– Føraren av den bakerste bilen mistenkt for køyring i påvirka tilstand. Det er tatt beslag i førarkortet hans.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.