Kjære ordførar
Dette brevet er eit aldri så lite hjertesukk frå ei som synest at delar av denne kommunen me bur i blir driven pittelitt feil ...
Eg las eit innlegg i Os & Fusaposten nett her ein dag, frå ein som synest det var så synd at Oseana fekk så mykje negativ omtale i avisa. Sjølve Oseana-salen har vel vore kjekk å ha/få, men det er det Oseana har kosta som stort sett har vore osingane sitt hjartesukk. Hadde me fått alle dei millionane til opprusting av skulane og alle dei andre kommunale bygningane i Os først, trur eg nok at Oseana hadde vore ønskt velkommen av alle i Os etterpå (jaja, ikkje musikkskulen kanskje).
Eg høyrde òg på «ordførar-kvarteret» på RadiOs ein måndag, der du fortalde at det no var bevilga midlar til skulane i Os, då dei nasjonale testane viste at Os låg under gjennomsnittet. Det eg er bekymra for, er at det sit alt for mange elevar i skulane i Os som slit med helsa grunna dårlege skulebygg / inneklima.
Sjølv har eg hatt ein mengde sjukemeldingar dei siste åra, for det er noko med desse skulebygningane me jobbar i, som gjer meg sjuk; astma, biholebetennelsar, hovudverk, slapphet, hukommelsessvikt er å nemna blant dei tinga som går igjen i min kvardag.
Først gjekk det fleire år med å finna ut av kva det var som gjorde at kvardagen min var så tung. Så fekk eg skifta arbeidsplass, og trudde at no skulle alt bli så mykje betre. Dessverre blei det ikkje det. Eg er langt ifrå åleina om å ha det sånn på jobb; over heile kommunen klagar lærarar over sjukdomssymptom på dårleg inneklima. Fleire har fått astma dei siste åra.
Tenk så flott om me heller hadde kunna skrytt over kor gode skular me har i ein Frp-kommune?
Korleis trur du elevane har det på desse skulane?
Det hadde vore interessant å visst kor mange av elevane som dagleg slit med hovudverk, astma og allergi, men som er friske i feriar!
Kor stor blir kostnaden for kommunen til slutt, på sjukdom som kjem frå dårleg inneklima?
Trur du at ein vaktmeister får gjort ein skikkeleg jobb når han må springa mellom skular heile tida?
Har du vore rundt på skulane og sett kor skite det er?
Vibe er så effektive at dei har ikkje tid til å gjera ein skikkeleg jobb. Desinfiserar dei av og til dørhandtak og gelender, eller er det for dyrt for kommunen? Det gjorde nemleg dei reinhaldarane som var tilsett i Os kommune før.
Blir ventilasjonssystema sjekka og reingjort årleg? Det forundrar meg at me oftare har «epidemiar» med spysjuke, vondt i halsen og influensa enn før.
Enn maling av skulane ...?
Høyr her; er det ikkje ungane som er framtida vår?
Skal dei førast fram og opp, må det vel vera på eit godt grunnlag? Slitne og sjuke elevar og lærarar gjer sitt beste dei òg, men hadde nok gjort ein betre jobb viss inneklimaet var betre!? Det trur eg hadde gjeve positivt utslag på dei nasjonale prøvane!
Dette er ei sak som har plaga meg lenge, og som eg har tatt opp meg mange, utan at nokon (eller eg) klarar å få gjort noko særleg med det.
Det verkar på meg som det er om å gjera for Os kommune (deg? Frp?) å kjøra gjennom nokre prestisje-saker som gjer at det ser så bra ut å bu i denne kommunen, men at de gløymer at det er mange kvardagar som òg skal vera bra.
På toppen av alt dette vil du òg byggja ei bru som skal gå tvers gjennom fantastisk fjordlandskap, og som eg skal måtta høyra støyen frå resten av livet? Eg valde jo å bu i Øyane pga freden og roen i naturen her ute.
Kor er det blitt av medmenneskelegheita til politikarane? Kor er lokaldemokratiet?
Er ikkje det innbyggjarane i Os som skal få bestemma korleis det skal vera å bu i Os? No verkar det som om alt ligg i nevane på nokre få politikarar som berre tenkjer på prestisje og økonomi. Alle tilsette i kommunen får beskjed om at einingane må vera lojale mot kvarandre og ikkje krevja så mykje, for det er så lite å ta av.
Kor tid skal de vera lojale mot oss som bur her og jobbar her då? Gjera det som er best for innbyggjarane i kommunen, ikkje berre det som er best for økonomien i Os?
Os inspirerar i alle fall ikkje meg lenger ...
Marion Dale Wollertsen