Fotball | 01. sep. 2013

Keeper henta med ambulanse

Kampen mellom Os og Norheimsund sine damelag fekk ein brå slutt.

Keeper henta med ambulanse
Ambulansen kjørte inn på banen for å ta med seg Norheimsund sin keeper. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 01. sep. 2013 18:39

Søndag ettermiddag spelte Os mot Norheimsund. Os vann 2-1 borte i vår og tok også styringa i dagens kamp.

Os - Norheimsund 4-1 (0-1)

Men på 4-1-leiing cirka 20 minutt før slutt fekk kampen ein litt dramatisk slutt.

– Norheimsund-keeperen slengte seg etter ein ball, landa oppå den og mista pusten. Etterpå besvimte ho, fortel Os-trenar Cato Moldskred.

Ambulanse blei tilkalla og laga blei einige om å avslutta.

Jentespelar skåra i debuten

Os hadde overtaket og skapte mykje i første omgang, men nokre sekund med litt slurv var nok til at gjestane gjekk opp i leiinga.

To spelarar frå Os sitt jentelag debuterte i dag, og Guro Veglo, som kom innå før pause, utlikna for Os.

Tonje Lindbom, som kom innpå etter pause, var involvert i 4-1-målet då ho pressa Norheimsund til sjølvmål.

– Dei klarte seg veldig godt begge to. Det hadde vore kjekt å sjå dei spela 20 minutt til, men med keeper sin kollaps blei det i staden ein brå slutt på kampen.

Dei to andre måla til Os blei skåra av Lillian Korneliussen og Charlotte Balland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.