Sport | 05. juli 2014

Kasta seg på rallysirkuset

Med nyinnkjøpt Volvo og innleigd førar har Jarle Nytræ konkurrert mot blant andre Petter Solberg i ein vellykka VM-debut.

Kasta seg på rallysirkuset
Jarle Nytræ med rallycrossbilen han kjøpte på forsommaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. juli 2014 09:37

Bildeserie:

Bilen er ein Volvo C30 med cirka 600 hk. (Foto: KVB)
Bilen er ein Volvo C30 med cirka 600 hk. (Foto: KVB)
Frode Holte fekk bygd bilen, som no står i Os. (Foto: KVB)
Frode Holte fekk bygd bilen, som no står i Os. (Foto: KVB)
I midten av juni var det VM-debut. (Privat foto)
I midten av juni var det VM-debut. (Privat foto)
VM gjekkpå Lånkebanen utanfor Trondheim. (Privat foto)
VM gjekkpå Lånkebanen utanfor Trondheim. (Privat foto)
DWC hoppa inn på ein 22. plass av 38 startande. (Privat foto)
DWC hoppa inn på ein 22. plass av 38 startande. (Privat foto)
Eigar Nytræ og førar for dagen, Nøttveit. (Privat foto)
Eigar Nytræ og førar for dagen, Nøttveit. (Privat foto)
Pitstop. (Privat foto)
Pitstop. (Privat foto)
Team DWC Racing. (Privat foto)
Team DWC Racing. (Privat foto)
1 av 8

Motorinteressa er stor blant kollegaene i DWC, den nyetablerte offshore-verksemda med base i Hegglandsdalen. Mens nokre av kollegaene i ei årrekkje har hatt båtsport som hobby kompenserer Jarle Nytræ no med rallycross.

– Vi deler nok bilinteressa alle saman, også dei som er glade i raske båtar. Men i selskapet eg og nokre av kollegaene mine jobba i før, AGR, hadde vi eit eige racingteam, og det var veldig kjekt også for oss tilsette, seier Jarle om hovudårsaka til at han no har kjøpt seg ein rallycrossbil dimensjonert for store prestasjonar.

– Eg kallar det DWC Racing, men både båt- og bilhobbyane våre noko vi sysslar med privat på fritida.

600 hestekrefter

Bilen Nytræ har kjøpt seg er ein Volvo C30 med rundt 600 hestekrefter.

Volvoen veg 1340 kilo med førar.

– Det er Frode Holte sin førre bil eg har kjøpt. Den har vore på pallen internasjonalt fleire gongar.

Holte var blant anna noregsmeister i rallycross i 2006 og kom i 2011 på 4. plass i FIA European Rallycross Championship Division 1.

VM-debut utan prøvekjøring

Nytræ har ikkje plan om å kjøra bilen sjølv.

– Eg er veldig interessert i motorsport, men er nok ikkje kvalifisert til å delta.

– Men ein tidlegare kollega av meg, Ole Kristian Nøttveit, har kjørt EM-rundar før og var kvalifisert til å stilla i VM.

I juni fekk Nytræ bilen og då bar det rett til Hell utanfor Trondheim før deltaking i VM-runde i rallycross på Lånkebanen.

– Ole Kristian rakk ikkje testkjøra bilen. Han prøvde to startar og så måtte han gjera seg klar til race.

Nøgd med bil og førar

I konkurranse med blant andre Petter Solberg og den kjente amerikanske rallycrosskjøraren Ken Block hadde Nytræ ikkje ambisjonar om noko topp-plassering.

– Plassering var sekundært. Det einaste målet vi hadde var å ikkje koma sist.

Sisteplass blei det heller ikkje.

Nøttveit kjørte inn på ein imponerande 22. plass av 38 startande.

– Dette var vi veldig nøgd med, fire år etter at han la opp og med ein bil han knapt hadde sete i før.

– Det er ein litt dyr hobby, med reise, dekk og utstyr, men veldig kjekt og sosialt. Plassering er ikkje så viktig, men det er alltid gøy å gjera det bra, seier Jarle Nytræ frå DWC Racing.

Reinis Nitiss vann, Petter Solberg kom på 2. plass og Henning Solberg landa på femte. Her kan du sjå heile resultatlista.

facebooksida til DWC Racing kan du sjå fleire videoar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.