Lokal | 22. apr. 2016

Kasta kølle på politiet

Politiet blei møtt med biting, spytting, lugging, sparking – og forsøk på å ta eit tenestevåpen.

Kasta kølle på politiet
Bergen tinghus. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. apr. 2016 09:49

Ein osing i midten av 20-åra var i Nordhordland tingrett tiltalt for å ha truga sambuaren sin med kniv og for fleire tilfelle av vald mot politiet.

Han var òg tiltalt for brot på våpenlova, då han hadde ein startpistol med ni patroner, og for ikkje å retta seg etter pålegg frå politiet då han dukka opp utanfor ein utestad trass pålegg tidlegare same kveld om å halda seg unna alle skjenkestadane i Os.

Tiltalte, som i 2013 blei dømt til fengsel i 8 månadar og i 2011 blei dømt til samfunnsstraff, begge for trugslar og liknande forhold, møtte i retten og erkjente straffeskyld for brot på våpenlova, for ikkje å ha retta seg etter pålegg frå politiet og for eitt av dei mange punkta om vald og trugslar mot politiet.

Truga sambuaren med kniv

Den første episoden som er omtalt i dommen er frå februar 2015. Etter å ha knust kopp og vodkaflaske i veggen truga han sambuaren, som ville forlata leilegheita, med kniv.

Kvinna våga likevel å gå og kom seg inn til ein nabo. Der skal tiltalte ha banka på og sagt «du er ferdig».

Kasta batong - prøvde å ta ein pistol

Politiet rykte ut og på veg mot legevakt og arrest prøvde tiltalte å ta tenestevåpenet til ein av politibetjentane.

På veg mot Bergen hagla det med trugslar mot polititenestemennene og deira familie, og då lege skulle hentast ut til bilen utanfor legevakta klarte han å knusa ruta fram til førarsetet og få tak i ei langkølle.

Denne skal han ha vifta med og sagt «kom igjen» før han kasta kølla på ein av politibetjentane.

Sparking, spytting, lugging og biting

Ved to seinare episodar, i juli og august 2015, var tiltalte òg valdeleg og trugande mot politiet.

I juli spytta han på ein kvinneleg politibetjent og lugga ein annan. I arresten beit han ein av vaktane i foten.

I august prøvde han å skalla ein politibetjent og klarte å sparka den andre i hovudet to gongar.

Dømt til 10 månadar fengsel

Retten la avgjerande vekt på vitneforklaring frå politibetjentane og naboen som tok sambuaren inn då ho var truga.

«I straffskjerpende retning vektlegger retten at tiltalte har utøvet vold som har stort skadepotensiale. Særlig spark som treffer «NN» sitt hode to ganger, forsøk på å skalle mot ansiktet til polititjenestemenn og bitt er handlinger med et stort skadepotensiale.»

Då retten meinte at etterforskinga hadde tatt lang tid meinte dei at delar av straffa måtte gjerast på vilkår.

Tiltalte blei dømt til 10 månadar fengsel. 60 dagar er gjort på vilkår med prøvetid på to år. 7 dagar varetekt kjem til frådrag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.