Lokal | 11. mars 2016

Kasta boss i Moldadalen

Os lensmannskontor og UP har hatt kontrollar det siste døgnet - brannvesenet sjekkar tips om dumping av avfall langs Hatvikvegen.

Kasta boss i Moldadalen
Dører, bilhjul og verktøy er blant det som er kasta i Moldadalen torsdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 11. mars 2016 09:42

Politiet i Os hadde trafikkontroll på E39 Byvegen i går. Ingen av dei 35 kontrollerte førte til reaksjonar.

UP sto òg på Byvegen på Søfteland. Dei sjekka promille på 107 bilførarar i retning sør, og alle var edrue.

Midtsiden fekk torsdag kveld tips om dumping av avfall i starten på traktorvegen frå Hatvikvegen ned Moldadalen.

Dører, verktøy, bilhjul og anna avfall ligg strødd på og ved stien.

– Det er irriterande at folk forureiner på denne måten. Her er det mange som rir med hest og bosset kan vera til fare for dyra, seier tipsar.

Verken politiet eller brannvesenet hadde høyrd om forureininga i dag, men brannvesenet oppretter sak og reiser ut for å sjekka staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.