Sport | 12. feb. 2012

Karrierebeste

6. plassen på 5000 meter laurdag er karrierebeste i verdscupen for Sverre Lunde Pedersen.

Karrierebeste
Sverre Lunde Pedersen gjekk ein sterk 5000 meter på Hamar (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamresundag 12. feb. 2012 10:25

Verdscupen går i Vikingskipet på Hamar denne helga. Laurdag gjekk Sverre Lunde Pedersen inn på 6.29.02 på 5000 meter, noko som hold til 6. plass, ein plass bak Håvard Bøkko.

- Eg gjekk jamnt og bra inn til mål, men eg hadde tenkt å opne litt fortare, seier Sverre til NTB.

Lunde Pedersen melder at formen er bra og at han ser optimistisk på Allround-VM i Moskva neste helg. Målsettinga er å kome blant dei 12 som får lov til å gå 10.000 meteren på avslutningsdagen.

- Det er viktig med ein god gjennomkøyring denne helga, og eg trur eg kan heve meg litt til allround-VM neste helg.

- Eg blir betre av å gå løp.

5000 meter har han ikkje gått siden EM i januar. Vinnar på distansa blei nederlanske Bob de Jong.

Søndag er distansa 1500 meter. Sverre går i 5. par saman med Zbigniew Brodka frå Polen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.