Karoline kjørte løp
Karoline Breivik (15), som byrja med bilcross i sommar, gjorde det bra i sin første konkurranse bak rattet.
Karoline Breivik har vore morfar Håvard Gåssand sin ivrigaste fan opp gjennom åra, og blei derfor kjempeglad då besteforldra overraska ho med eigen bil i konfirmasjonspresang i mai i år.
Midtsiden var med på Eikås i sommar, les òg:
Testa konfe-presangen
I helga kjørte ho sitt første løp. NMK Bergen sitt klubbløp på Eikås Motorsenter var sesongavslutting for bilcross-kjørarane, og 14 deltakarar stilte i Karoline sin klasse.
– Karoline har trent godt og var sist torsdag på banen og kjørte 45 rundar, fortel Håvard Gåssand.
2. plass i 2. heat
I innleiande rundar kjører fem og fem deltakarar løp over 3,5 rundar. I finalane er det 5,5 rundar. Kvar runde er på cirka 750 meter.
– I det andre heatet kom Karoline på 2. plass. Då var eg imponert, seier morfar.
Jenter og gutar kjører mot kvarandre. Det var tre jenter blant dei 14 i klassen. Fleire av motstandarane har kjørt bilcross i 2-5 år.
Klatra i C-finalen
Dei fire beste i innleiande rundar kjører A-finale, dei fire neste kjører B-finale og resten hamnar i C-finalen.
– Karoline enda med å kjøra i C-finalen. Der låg ho ei stund på 5. plass, men kjørte seg opp to plassar så det blei 3. plass og ei fin avslutning på første løp.
Heller bane enn bøllekjøring
For to veker sidan var ein større gjeng med bilinteressert ungdom samla i Os på nattestid. Det blei kjøring av den typen politiet ikkje set pris på.
I kommentarfeltet til artikkelen er det fleire som skriv at dei saknar bane i Os.
«Finnes lite tilbud her i vest. (...) Gi oss noe, ellers vil dette bare fortsette» skriv ein som kallar seg Oppgitt ungdom.
– Eg forstår at ungdom i Os saknar eit tilbod, men fram til dei eventuelt får noko i heimkommunen skal dei veta at Eikås Motorsenter ikkje ligg langt unna, seier Håvard Gåssand.
– No er sesongen på hell, men dei som verkeleg er interesserte i å driva med motorsport kan vera frampå i februar, då startar kurset dei må ta for å få lisens neste sesong.