Lokal | 07. juni 2013

Kappkjøring på Halhjem

Politiet fekk torsdag melding om kappkjøring på Halhjemsvegen og kjøring på raudt lys på Byvegen. I tillegg oppdaga dei behov for laserkontroll i Lysefjorden.

Kappkjøring på Halhjem
Halhjemsvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. juni 2013 09:33

Torsdag i 17-17.30-tida fekk politiet melding om to bilar i høg fart på Halhjemsvegen.

– Ein gåkvit bil og ein svart bil skal ha kjørt på ein måte som fekk det til å sjå ut som kappkjøring, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Patruljen var ute og såg etter bilane, men fann dei ikkje.

På raudt lys ved Best

Eit vitne har kontakta politiet etter at ein volvo torsdag kjørte på raudt lys på Byvegen ved Best-stasjonen.

– Nokre ungar sto visst å venta på å gå over. Vi har fått signalement på bilen og kjem til å følgja opp.

Vil til Lysefjorden med laser

Torsdag kveld var politiet i Lysefjorden for å ha promillekontroll.

Dei kontrollerte førarane var edrue, men patruljen fekk stadfesta det dei den siste tida har fått ein del meldingar om:

– Mange hadde høg fart, seier Sperrevik.

– På same måte som Hegglandsdalsvegen og Hatvikvegen har vore prioritert den siste tida, der det er tatt beslag i mange førarkort, vil vi nok retta fokus på Lysefjorden ei tid framover, åtvarar han.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.