Lokal | 15. jan. 2016

Kaos på Vallaheiane

To trailarar står fast, ifølgje politiet. Skal du til eller frå Bergen bør du vurdera andre vegar.

Kaos på Vallaheiane
På Vallaheiane er det problemer fredag ettermiddag (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 15. jan. 2016 14:24

Med snøfallet fredag har det blitt dels kaotisk på vegane. Nær sagt tradisjonen tru er det på E39 over Vallaheiane dei største problema oppstår.

– To trailere står fast i bakken, retning Os, meldte politiet i Hordaland på twitter klokka 14.09.

Også tidlegare på dagen har vogntog hatt problemer på strekninga.

Over Fanafjellet ligg det snø i vegbanen. I facebook-gruppa "Trafikkmeldinger Fanafjellet" er den siste posten frå klokka 14.10:

– Kl. 14.10: Ikke brøytet, mye snø i veibanen fra Fana Kirke. Fungerte dårlig med forhjulstrekk.

Til NRK Hordaland oppmodar politiet folk om å la bilen stå og i staden ta kollektiv om dei har moglegheiten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.