– Kanskje neste år
Forsøket på å laga Premier League-livestudio i Oseana gjekk nesten i boks.
I vinter har interne krefter i TV2 jobba med å organisera eit spleiselag for å flytta livestudio frå Nøstet og ut i felten, noko dei lykkast med når det kjem til Troll A-plattforma, og som dei nesten kom i hamn med i Os.
Les òg: Vil ta Premier League-studioet til heimbygda
– Vi har saman med ulike aktørar i Os kome fram til at vi ser på dette prosjektet for neste sesong. Vi har rettigheitene for tre sesongar til, seier leiar for kommersiell utvikling, Trond Ahlsen i TV2 Sporten.
Dei hadde fleire lokale sponsorar med seg, men kom ikkje heilt i mål til sendinga dei i utgangspunktet hadde ønske om å køyra frå Oseana laurdag 7. mai.
– Denne gong let det seg ikkje gjennomføra, av tekniske og økonomiske årsaker. Men vi ser på vår eigen produksjon, om det kan gjerast rimelegare, og så får aktørar i Os snakka meir saman om dette er noko dei vil vera med på.
– Oseana er eit flott hus og Os ligg fint til i forhold til oss, så det hadde vore kjekt om vi fekk dette til i løpet av neste sesong.
– Vi i TV2 kjem uansett til Os til sommaren, seier Ahlsen, og siktar til Tour des Fjords-starten 31. august.