Kanestrøm trengte berre eitt minutt
Os vann toppkamp mot Fyllingsdalen 2. Fredag ventar ny toppkamp - på bortebane.
I serieopninga i vår blei det 1-3 tap for Fyllingsdalen 2, i dag sto Os som serieleiar og tok imot laget på 3. plass, det einastelaget som har slått Os i år.
Debutant Chris Sunde Midtun heldt buret reint og comeback-kid Erik Kanestrøm skåra før det var gått eitt minutt. Kanestrøm gav Os 1-0-leiing på straffe etter at Øystein Takle Eide var i duell med keeper.
Os - Fyllingsdalen 2 2-0 (2-0)
Målskårarar: Erik Rubach Kanestrøm (1.) og Christoffer Hafsås 32.)
Os: Chris Sunde Midtun - Endre Brenne, Alexander Dale, Vegard Skeie Strønen, Harry Moore - Torkel Hjertnes, Øystein Takle Eide, Martin Røttingen Eidsvik, Erik Rubach Kanestrøm, Mats Cato Moldskred - Sander Kvittingen (Simon Moberg Søvik
Innbytarar med speletid: Christoffer Hafsås, Simon Moberg Søvik, Steffen Kvamsdal og Håkon Kvittingen.
Dagens Havnechef/beste spelar: Christoffer Hafsås
Etter straffen og 1-0 var det sjansefattig fram til Mats Cato Moldskred prøvde seg på frispark i 17. minutt. Gjestane hadde to cornerar før Hafsås skaut hardt, lagde Os sin første corner og sjølv heada inn 2-0 i 32. minutt.
Heimelaget produserte ein serie med sjansar etter at dei gjekk opp i 2-0, og Vegard Strønen Skeie heada tre gongar på mål på to minutt, men 2-0 sto seg til pause og kampen ut.
– Viste disiplin
Gjestane var langt frå ufarlege, og hadde fleire forsøk etter pause. Den største sjansen såg ut som ei blanding mellom skot og innlegg, og hadde retning mål då venstreback Harry Moore redda med brystkassen på bakerste stolpe.
– Det blei ingen festfotball, bortsett frå den gode sjanseproduksjonen i slutten av første omgang, men eg er veldig nøgd med tre poeng i dag.
– Eg er òg nøgd med innsatsen og disiplinen gutane viser. Fyllingsdalen 2 er eit vanskeleg lag å spela mot, og blir du utolmodig kan du bli straffa hardt, seier Os-trenar Tim Henrik Sperrevik etter kamp.
Os sine største sjansar i 2. omgang var nok eit skot frå skrått hald av Moore i 54. minutt og ei heading av Moldskred i 55. minutt og ein dobbelsjanse med Hafsås og Takle Eide i 67. minutt.
Ny toppkamp fredag
Os har ikkje tapt etter at Sperrevik tok over som hovudtrenar.
Starten på haustsesongen blir av det tøffe og kanskje avgjerande slaget for Os, som har ambisjonar om direkte opprykk tilbake til 3. divisjonen dei spelte i i 2017.
Fredag speler dei nemleg borte mot Lyngbø, som berre har eitt tap i år, 8-2 for Os på Kuventræ i vår. Sidan har det blitt to uavgjorte, og Lyngbø ligg berre to poeng bak Os.