– Kan spela rock i glashus
Det meinte rockepoeten Tom Roger Aadland under konserten i Oseana i kveld.
Kring 40 frammøtte fekk ei lun konsertoppleving restauranten i Oseana i kveld. Publikum famna om eit vidt spekter. Alt frå unggutar til seniorar.
Aadland er kanskje mest kjend for plata der han skreiv om heile Bob Dylan-plata «Blood on Tracks» til nynorsk «Blod på spora». Sist han besøkte Oseana var rett etter utgjevinga av nettopp det albumet.
Vestlandsgotikk
No er han aktuell med ny plate: «Rapport frå eit grensehotell». På heimesida til Aadland blir plata beskriven slik:
«Musikken veksler fra gotiske klanglandskap via sår melankoli til energisk rock. Det er stemningsfullt, mørkt og vakkert, og det er filmatisk. Scenene beveger seg fritt i tid og rom, og snarere enn å fortelle en historie, formidler sangene en stemning. Det er Vestlandsgotikk på sitt vakreste og mest besnærende.»
Feelgood-stemning
Kvelden innleia Aadland med eigne låtar. På raspande Haugesundsmål ausa han av livsvisdom i tekstane sine. Og med dette sette han stemninga for konserten. Trass i el-gitar og munnspel var stemninga lun og koseleg.
– Det går an å spela litt rock sjølv om ein sit i glashus, var rockepoeten sin kommentar då el-gitaren kom fram.
At publikum kosa seg var det liten tvil om. Nikkande hovud og takttrampande føter vitna om det.
Spennvidde
Konserten spente frå ein var sonette «Vel avgarde», inspirert av ei diktopplesing, til Dylan på nynorsk , med eit lite sidespor innom innom ein spansk hyllest til kvinner på klassisk gitar.
Ein mann, tre gitarar, og munnspel gjer heile konsertopplevinga til ei rockeballade som er balsam for sjela. På nynorsk.