Kan sikra plassen søndag
Mens damelaget i dag rundar av på Sotra har herrelaget til Os tre heimekampar igjen.
Handballdamene til Os ligg på kvalikplass (8. plass), ein plass dei ikkje kan rykka ned frå i siste runde, og neppe kan kjempa seg ut av. Dei vil nok uansett gå for siger mot Gneist på 4. plass, men med mindre Stryn eller Fana 2 taper for eit av botnlaga må Os ut i kvalifisering for å berga plassen i 2. divisjon.
For herrelaget ser plassen i 3. divisjon tryggare ut. Os leia nyleg nesten ein heil kamp over serieleiar Gloppen, eit lag dei tapte 20-21 for. Os ligg på 5. plass 6 poeng bak Norrøna, 1 poeng framfor Eid og Bjørnar 2, sistnemnte på nedrykksplass.
Eid og Bjørnar 2 har berre éin kamp igjen, Os har tre, alle på heimebane, mot Kjøkkelvik 2 (3. plass), Norrøna på 4. plass og botnlaget Sotra 2.
Neste kamp går søndag (17.45) mot Kjøkkelvik 2, som ligg på 3. plass.
– Eg ser fram til å spela heime igjen og eg gler meg spesielt til denne. Kjøkkelvik 2 har mange unge, gode spelarar, og det kan bli ein kjekk kamp å sjå både frå benken og tribunen, trur trenar Kenneth Husebø.
Han føler seg trygg på at Os skal klara å berga plassen og har allereie byrja å tenkja neste sesong.
– Vi har eit veldig godt lag no. Med Isak Røen heime igjen og Arne Veim Haugland på plass i Os har vi fått ekstra angrepskraft. Saman med resten av gutane lover dette bra både for innspurten og hausten, meiner Husebø.