Kan Fjellheim erstattast?
Lesarinnlegg, Otto Hægland: No er det jaggu på tide at dei folkevalte stikk fingeren i jorda!
Då det blei vedtatt at Osbygdo skulle få nytt kulturhus blei det lova av dei som sat i styre og stell den gongen (det er dei same som sit der i dag òg) at det ikkje skulle blei dyrare leiga enn i Fjellheim når dei kom i nye lokale.
Eg har sete på sidelinja og rekna med at dei som bestemmer her i bygda sjølv vil finna ut at vi framleis treng Fjellheim.
Når eg no les at rådmannen likevel går for sal blir eg rett og slett litt forbanna.
Forskjellen
Det som er ein realitet er at det kosta 3000-5000 kroner for ein kveld i Fjellheim. Då kunne laget/koret/musikkforeininga/Osøren Blues & Jazz osv. sitja igjen med eit overskot som til sjuande og sist kom eit samla kulturliv til gode.
Prisen for å leiga tilsvarande i vårt nye kulturhus er 16.000 kroner pluss 5000 for lyd og 5000 for lys. Det seier seg sjølv at små lag, som var kjempenøgd då det kom 150 publikummarar i Fjellheim, får eit kjempeproblem.
Dei må då satsa på at det kjem 150, og dobla billettprisen frå 100 til 200 kroner. Viss dei då er heldig vil dei sitja igjen med 4000 kroner. Kva om det blir eit helsikes drittvêr og folk ikkje gidd å gå ut, om det berre kjem 75 stykker? Reknestykket ville likevel gått rundt i Fjellheim (med 100 kroner per billett).
Ettermæle
Dåke folkevalte som uttalte at Oseana skulle erstatta Fjellheim bør stå ved det dåke lovde. Sånn prisforskjellen er i dag fungerer det ikkje godt nok for alle.
Dåke har sete ved makta fordi mange har vore nøgd med det dåke har utretta. Og dåke har gjort mykje bra, det skal dåke ha.
Men når det gjeld denne saka her vil eg at dåke skal tenka dåke godt om. Fleire og fleire har sett/vil sjå galskapen i å selja Fjellheim no.
Fjellheim kan dåke selja viss/når dåke har eit fullgodt alternativ.
Så Terje, Gustav og Marie - og dåke andre i Frp og Høgre, det er for dumt å øydelegga eit godt ettermæle på denne saka.
Helsing
Otto Hægland