Kan få Tippeliga-debuten sin i dag
To døgn etter at han var klar for Sogndal er Vegard Leikvoll Moberg i troppen.
Fredag var overgangen i orden, etter 5,5 år for Åsane tok osingen Vegard Leikvoll Moberg steget opp i Tippeligaen.
– Dei virkar veldig interessert, sa Moberg sin agent Daniel Steinfeld til Midtsiden før møtet med Sogndal torsdag.
No er det klart at Vegard er del av troppen som i kveld speler mot Bodø/Glimt.
Midtsiden har ikkje lykkast i å nå Håvard Flo eller Eirik Bakke søndag.
Kan få debut og revansje på heimebane
Om Vegard får debuten sin i dag så blir det på heimebane.
Kampen går på Fosshaugane og startar klokka 18.
Sogndal tapte 2-0 borte for Bodø/Glimt i serieopninga, men ligg no éin plass framfor på tabellen (9. plass og 10. plass) med fire poeng meir enn gjestane frå nord.