Kan få klimapris
Os er med Oseana blant fem nominerte kommunar til prisen «Årets lokale klimatiltak».
– Det blei i dag klart at Oseana kunst- og kultursenter og Os kommune er nominert til prisen «Årets lokale klimatiltak 2011», skriv Terje Søviknes i ei pressemelding torsdag kveld.
Oseana, som hos Enova har status som forbildeprosjekt, har Noregs største solcellepanel. Med 463 kvaderatmeter er solcelleanlegget på Oseana det største i Noreg og dobbelt så stort som dei to nest største.
Les òg: Viste Noregs største
Prisen blir delt ut av KS i samarbeid med Zero Emission Resource Organisation (ZERO), ein uavhengig, ideell stiftelse som jobbar for å begrensa dei menneskeskapte klimaendringane.
Dei andre nomerte er:
• Asker med eit forbildeprosjekt for innfasing av LED-lys i all vegbelysning.
• Elverum med et omfattande enøk-program, innbefatta nye kontraktløysinger gjennom såkalte EPC-avtaler.
• Røyken med utfasing av fossil energi gjennom systematisk bruk av jordvarme.
• Trondheim med offensiv satsing på kollektivtrafikk, tilrettelagt for bruk av biogass.
Les meir om zero på zero.no
Meir om kvar av dei nominerte kan du lesa i nationen.no
Prisen skal delast ut på ein miljø- og klimakonferanse som blir arrangert i Oslo 21. og 22. november.
Midtsiden samleside: Oseana