Lokal | 01. aug. 2012

Kan få 21 års fengsel

Ungguten som er sikta for drapet 1. nyttårsdag blir tiltalt for forsetteleg drap og valdtekt.

Kan få 21 års fengsel
Politiet sendte tidlegare i sommar si innstilling til statsadvokaten. Her representert ved lensmann Rasmus Dalen og påtaleansvarleg Asbjørn Onarheim (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 01. aug. 2012 13:26

Riksadvokaten har no teke ut tiltale mot den mistenkte 19-åringen etter drapet på Hilda Feste 1. nyttårsdag.

Guten vil bli tiltalt for foresetteleg drap og valdtekt under særdeles skjerpande omstendigheter ifølgje NRK.

- Tiltalte tek dette svært tungt, seier advokat Ivar Abrahamsen, ein av gutens to forsvararar til NRK.

Politiet var tidlegare i sommar ferdige med etterforskninga og sende over si innstilling til riksadvokaten for endeleg avgjerd og tiltale.

Ikkje overlagt

Påtalemynde meiner guten drap Feste for å skjule valdtekten eller unndra seg straff og at dette skjedde med forsett. Riksadvokaten meiner drapet ikkje var planlagt på førehand og guten slepp difor å bli tiltalt for overlagt drap.

Guten har heile tida hevda at han ikkje hugser noko frå den aktuelle natta grunna "blackout" som følgje av at han skal ha drukke mykje sprit.

Saka er venta å kome opp for Nordhordland Tingrett 12. november og å vara i fem dagar. Aktor i saka vil vera statsadvokat Gert Johan Kjelby.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.