Kan det koma permanent lysregulering?
Formannskapet diskuterte trafikkavvikling på Strønebrua og tilstanden til Lepsøybrua.
Strønebrua er under opprusting. Arbeidet starta i sommar og skal vara utover hausten.
Arbeidet som skal utførast består av fjerning av eksisterande overflatebehandling på bærekablar, hengestenger og hengestangsfester og påføring av ny overflatebehandling av desse.
I samband med arbeidet er brua einvegskøyrt, og dette vert løyst med lysregulering.
Signal om å halda på lysreguleringa
I politisk kvarter under dagens møte i formannskapet løfta Laila Reiertsen (Frp) spørsmålet om lysreguleringa kunne halda fram etter at opprustingsarbeidet var ferdig.
– Eg har fått signal frå folk som nyttar brua at dei ønskjer å behalda lysreguleringa for å betra trafikkflyten over brua.
– Kva kan Os kommune gjera for å få på plass ei slik løysing? undra Reiertsen.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) var rask med å svara at ei løysing låg hos fylket, men i ein kombinasjon med Statens vegvesen.
– Men vi kan vera med å påverka saka gjennom trafikksikrings-utvalet vi har her i kommunen.
Varaordførar Marie Bruarøy (H) såg klart pluss-sidene med å få etablert ei permanent lysregulering.
– Det er ikkje fortau Strønebrua, og det er ikkje ein god plass å vera for dei mjuke trafikantane når bilar må driva å rygga etter å ha møttest på brua.
Hoppa vidare til Lepsøybrua
Helge Steinum (Ap) ville veta kva ståa var for Lepsøybrua.
– Kva tenkjer vi om trafikken der ute? Vi veit at brua er i teknisk dårleg stand, og no vil det bli ekstra trøkk på trafikkbildet med utbygginga Inka skal i gong med. Etter at utbygginga er ferdig vil ein større fabrikk generera meir trafikk.
• Les òg: Den verste brua i Os
Bruarøy kunne fortelja at ei foreldregruppe, nok ein gong, har teke fatt i i utfordringane med Lepsøybrua.
– Det er i dag farleg å ferdast på fortauet grunna forvitring etter årevis med salting gjennom vintrane. Eg har sjølv ungar som har ramla på sykkel på fortauet på brua, og ikkje er fortauet noko breitt heller.
Søviknes kunne på si side fortelja formannskapet at ei løysing for fortauet kanskje var i emning.
– Eg har fått meg fortald at det no kan koma ei snarleg opprusting av fortauet, og at det ligg midlar klare til dette, sa ordføraren.