Lokal | 02. mars 2015

Kan denne gjengen passera 100.000?

I fjor samla russen ved Os Gymnas inn nesten 97.000 kroner i Krafttak mot kreft-aksjonen. Årets kull stiller endå sterkare og håper på ny rekord.

Kan denne gjengen passera 100.000?
Russekull klar for krafttak, f.v.: Bjarte Halhjem, Ola D. Veglo, Thord Skaathun, Erlend Sørås, Adrian Valle, Fredrik Hjelmtveit og Christoffer Hevrøy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. mars 2015 14:24

Denne og neste veke skal rundt 30.000 bøsseberarar i Noreg samla inn pengar til den årlege aksjonen Krafttak mot kreft.

Årets tema er personleg tilpassa behandling og årets russ ved Os Gymnas og Os vidaregåande skule har kvar sine innsamlingsdagar.

Os Gymnas går med bøsser onsdag 4. mars, på ettermiddagen, Os vgs skal gjera ein innsats tysdag 10. mars.

– 100 vil vera med

Os Gymnas tel rett over 100 tredjeklassingar. Så og seia alle har meldt seg som bøsseberarar.

– Det er nokre få som skal jobba på onsdag, men dei vil høyra med sjefane sine om dei kan ta bøssa med.

– Vi er uansett rundt 100 bøsseberarar, 25 fleire enn russen i fjor, og håper på å passera 100.000 innsamla kroner, seier Christoffer Hevrøy.

Enorm auke i fjor

Krafttak mot kreft blei ein kjempesuksess i Os i fjor. Ved Os vgs var det nesten dobling, frå 23.000 til 44.000 kroner.

Eleven som samla inn mest fekk heile 6.495 kroner på éi bøsse!

Ved Os Gymnas auka dei også med over 20.000 og landa på 96.838 kroner.

Samla inn pengar på fest

Russen ved Os Gymnas har allereie kome i gang med innsamlinga.

– Vi hadde ein fest til inntekt for aksjonen første helga i vinterferien. Vi fekk låna ungdomshuset i Hegglandsdalen gratis, og sjølv om mange var vekke fekk vi inn 4000 kroner.

Os vgs skal også ha fest til inntekt for kreftaksjonen, men kjører sin fest laurdag 14. mars, altså etter bøsseaksjonen.

Russen har tidlegare dette skuleåret hatt fleire festar, dei fleste arrangert av grupper på russebilar som har arrangert til inntekt for eigen bil. Første fellesarrangement i regi av russestyra var det vellykka nyttårsballet på Catten.

– Det blir nok fleire festar før sjølve russetida startar med dåp 28. april, men dei komande vekene har vi det ganske travelt med mange heildagsprøvar, fortel Hevrøy.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.