Kan bli slått saman
Fylkestinget ber Os vgs og Os gymnas starta ein prosess for samlokalisering og ei felles kombinert skule.
På sitt møte 12. og 13. mars skal fylkestinget i Hordaland handsama framlegget til skulebruksplan 2015-2024 for dei vidaregåande skulane i Hordaland.
Fylkesutvalet hadde på sitt møte i Odda 21. februar saka til handsaming og vedtok ei innstilling i tråd med fellesframlegget frå H, Frp og V.
Aukar kapasiteten
I innstillinga heiter det at Os gymnas blir vidareført med fagtilbod og dimensjonering som vist i tabell i saksutgreiinga.
Dette tydar på at kapasiteten ved skulen blir auka til fire parallellar studiespesialisering. Aukinga vil skje gradvis i takt med elevtalsveksten i området.
Fylkesrådmannen tilrår ei dimensjonering med 120 elevar på VG1, 115 på VG2 og 110 på VG3.
Samstundes seier fylkesrådmannen at det kan bli aktuelt å flytta delar av helse- og omsorgsutdanninga til Os gymnas om kapasiteten ved Os vgs blir for liten.
Treng rehabilitering
Os vidaregåande skule blir òg vidareført og kan få ei kapasitetsauke på fleire av utdanningsprogramma. Samstundes foreslår fylkesutvalet å legga ned Påbygg og i staden flytta denne til Slåtthaug vgs.
Skulen skal òg få nytt areal, mellom anna som erstatning for gamle brakkar og ny bygghall. I tillegg vil noko ombygging og rehabilitering bli gjort.
Fylkesrådmannen legg, etter høyringsrunden kor mellomanna leiinga på skulen og utdanningsforbundet har påpeika dei store behova for strakstiltak, opp til at noko av rehabiliteringa skjer i løpet av dei første åra (2013-2016).
Vil slå dei saman
I fleirtalsinnstillinga frå fylkesutvalet går ein langt i å sjå i retning av ei felles vidaregåande skule i Os i framtida.
- Fylkestinget vil at dei to skulane i Os starter ein prosess for samlokalisering for å etablere ei felles kombinert skule, heiter det i innstillinga.
Bakgrunnen for dette er ein kombinasjon av at ein treng gjera eindel større investeringar ved Os vgs og at ein ønskjer færre og større skular i Hordaland.