Kan bli lysregulert
Reguleringsplanen for Lepsøykrysset tar høgde for lysregulering. – Det er det beste i høve trafikktryggleiken, meiner vegvesenet.
Plan- og bygningsutvalet behandla torsdag reguleringsplanen for Lepsøykrysset på E-39. Tilstades på møtet var prosjektleiar Jonas Dalland frå Statens vegvesen.
– Bakgrunnen for saka er ulykkessituasjonen i krysset. Bestillinga vi fekk var å laga ein reguleringsplan for utbetring av krysset.
– Denne planen legg til rette for ei lysregulering. Det å laga avkøyringsfeltet frå nord er ikkje interessant om det berre blir vikepliktregulert, forklarte Dalland, og argumenterte mellom anna med siktlinjer for dei som står i Lepsøyvegen og skal ut på E-39.
Rundkøyring uaktuelt
Øystein Nordvik (TvS) undra på om rundkøyring hadde vore vurdert i utgreiinga.
– Det vil kreva for mykje areal og tar for mange eigedomar rundt krysset.
– I tillegg seier vegnormen at ein ikkje skal ha rundkøyringar på europavegar, anna enn ved avkøyring til større byar, eller der to europavegar møter kvarandre, forklarte prosjektleiaren.
Treng ikkje ekstravedtak
Ståle Skaathun (H) lurte på om ein måtte vedta i reguleringsplanen at krysset skulle lysregulerast eller om planen var god nok.
– Kostnadsmessig er det ikkje særleg forskjell på eit lysregulert og eit vanleg fullkanalisert kryss.
– Krysset ligg dels inne i NTP for første periode og resten i andre periode, svara Dalland.
Tidlegare vegsjef Olav Søfteland (Ap) supplerte prosjektleiaren.
– Eg trur dette er det maksimale du kan få ut av eit slik kryss.
– Ein treng ikkje reguleringsplanen for lysregulering. Det er arealbruken vi skal regulera.
– Mitt råd er å akseptera det som ligg her, sa Søfteland, noko utvalet også gjorde.