Lokal | 06. juni 2011

Kan bli klar for Poker Run

Tre båtar frå Os kan bli klare for Bergen Poker Run, som også i år legg ruta innom Øyane og Haugland.

Kan bli klar for Poker Run
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. juni 2011 23:26

Laurdag 18. juni skal det buldra med brutale hestekrefter gjennom Bjørnefjorden igjen. I 2008 gjekk turen rett frå Bergen til Bekkjarvik, i 2010 blei ruta lagt innom Skeisosen med pitstop på Vedholmen Landhandel før turen gjekk vidare gjennom lune Hauglandssundet og vidare til Bekkjarvik.

SJÅ BILDESERIE OG VIDEO FRÅ 2010

– I år blei det vurdert å kjøra frå Vedholmen til Os, men valet falt visst på Våge. Men det blir likevel to stopp i Os, begge på Vedholmen, seier Anders Arefjord.

Racet startar i Bergen klokka 10.30 og er venta til Vedholmen i 12-tida. Turen går vidare via Halhjem til Våge. Retur mot Vedholmen går frå Våge i 16-tida.

På tomgang i fjor

I 2008 deltok han med sin den gong nyinnkjøpte RibCat. I fjor fekk han båten på sjøen, men den blei liggande utanfor hamna i Os og gå på tomgang.

– Skulle eg hatt girkasse som eg kan gira 1300-1400 hestekrefter med så ville giret vore like stort som motoren. Derfor bruker eg crashbox, det betyr at eg kan starta båten på tomgang. Men skal eg kjøra så må motoren sløkkjast, så setjast i gir og så starta medan den står i gir, forklarar han.

To typar drivstoff

Problemet i fjor var at motoren ikkje ville starta då den sto i gir.

–No har vi hatt den i benk i Jondal og gjort ein del justeringar. Om eg startar med bensin så går det bra, men eg må skifta til biodrivstoff når eg aukar turtalet, seier Anders, som håper på å bli klar til 18. juni.

– Eirik Haugland skrur også for fullt for å bli klar. I tillegg kjem truleg Finn Erik Hylland til å delta med min førre båt, ein 27 fot rib, fortel Arefjor.

Les òg:
Monsterfabrikken

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.