Kan bli billigare med buss
Eit samla fylkesutval vil gjera det billigare å ta bussen frå Os til Bergen ved å kutta frå 470 takstsonar til 7.
NRK melder i dag at ei samla fylkesutval vil gjera det billigare for dei som bur i distrikta å reise kollektivt inn til Bergen.
– Dette må gjerast enklare. Vi er opptekne av at alle skal oppleva det å reisa kollektivt som attraktivt, seier fylkevaraordførar Pål Kårbø (Krf) til NRK:
Samlar Bergensområdet
Utvalet går no inn for å redusera dagens 470 takstsonar til sju, med ei stor sone i Bergen og alle nabokommunane. Det tyder at osingane kan reise med minstetakst til Bergen.
Minstetaksten for ein vaksen om ein held seg innan ei sone er i dag 36 kroner om ein kjøper billetten på førehand. Frå Os betaler ein i dag 46 kroner om ein skal til byen og ikkje har rabattkort.
Ein av grunngjevingane er at ein ønskjer å få fleire til å gå over til mobilbillett og i den samanhengen ønskjer å ha færre val å ta stilling til for dei reisande.
– Ei utviding av sone Bergen vil gjera det mykje meir attraktivt og reisa kollektivt. Vi vil få med oss fleire pendlarar enn det vi har i dag, seier medlem i fylkesutvalet, Gustav Bahus (Frp).
I følgje NRK vil endringa kosta 30 millionar i året. Truleg vil minstetaksten auke noko.
– Eg trur ikkje det blir den store summen. Dei få kronene som blir lagt på minstesatsen vil ikkje ramma spesielt tungt, seier Bahus til nrk.no.
Finansieringa vil bli handsama i samband med budsjettet for 2017.
Kutter trykte rutehefter
Ein ting som allereie er sikkert er at det frå i sommar av ikkje lenger blir mogleg å ta med seg ruteheftet frå bussen. Dei trykte papirhefta blir nemleg kutta ut når sommerrutene startar 27. juni.
– Når noko forsvinn er det alltid nokon som vil savna det gamle. Dette har vi stor forståing for, heldigvis opplever vi likevel at dei aller fleste av kundane våre har forståing for tiltaket. Svært mange har for lengst gått over til å nytta digitale kanalar som skyss.no og mobilapp for ruteinformasjon, seier Hanne Alver Krum, sals- og marknadssjef i Skyss i ei pressemelding.