Lokal | 23. juli 2013
Kalvar på rømmen
5-6 kalvar på rømmen i Hegglandsdalen tysdag morgon. Politiet etterlyser eigar.
Andris Hamretysdag 23. juli 2013 08:58
Litt over klokka åtte tysdag morgon la operasjonsleiar ved Hordaland Politidistrikt ut følgjande melding på twitter:
"Os/Hegglandsdalen: 5-6 kalvar går i vegbana. Tydeleg forvirra. Finn ikkje heim att. Nokon som saknar kalvane sine?"
Også tidlegare i sommar har husdyr tatt seg turar på eigenhand. For vel ei veke sidan tok kyr turen ned Finnebrekka og hestar ein tur frå Moldegaard til byvegen.