Næringsliv | 05. des. 2020

Kakki er nominert til «Årets navn»

– Ei hyggeleg overrasking, seier Karsten Austevoll.

Kakki er nominert til «Årets navn»
Karsten «Kakki» Austevoll, her under bygging av ny fabrikk i oktober i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 05. des. 2020 11:05

Karsten «Kakki» Austevoll (66) er nominert til prisen «Årets navn» i sjømatbransjen.

Årets navn i norsk sjømatnæring er ei tradisjonsrik kåring gjennomført av Fiskeribladet og IntraFish. Fredag la dei ut lista over årets 26 kandidatar, der lesarane kan stemma på kandidatane.

– Det var ein av døtrene mine, Kari Marie, som oppdaga det i går kveld. Det var både overraskande og overveldande å høyra at eg er nominert! seier Kakki til Midtsiden.

– Eg kjenner fleire av kandidatane, det er mange flinke folk, og eg synest det er stas å vera i sånt selskap!

Du kan stemma inntil tre gongar, vinnaren blir utropt i starten på 2021.

Framtidsorientert 66-åring

Sjølv er Karsten Austevoll ein av få «grand old men» i bransjen. Han starta med fiskeforedling i Gjelevika i Øyane i 1983-1984, og har vore med på opp- og nedturar i ein bransje i rivande utvikling.

Han er eigar av Inka AS, som i fjor passerte 100 millionar kroner, og som det siste året har invester fleire hundre millionar i ny fabrikk - den mest moderne utrusta fiskeforedlingsfabrikken i Europa.

Dette skriv Fiskeribladet om Kakki: Karsten Austevoll, leder industribedrifter Inka. Er nominert for å være en fremtidsorientert og offensiv bedriftsleder. Han bidrar til nærmiljø og arbeidsplasser.

– Nærmiljøet betyr mykje. Det å skapa arbeidsplassar i Noreg òg. Det er det som driv meg.

Vi var med då første fisk blei sendt gjennom produksjonslinjene tysdag 8. september i år - sjå videoreportasje.

– Har du vore nominert eller vunne nokon pris før?

– Éin gong. Eg vann den lokale «Øyaprisen» som tidlegare blei delt ut i krinsen her ute. Det er mange år sidan, fortel Kakki.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.